Digital heimeoppfølging kan lette kapasitetstrykket på sjukehusa, når vi får stadig fleire eldre og kronisk sjuke, samtidig som helsepersonell blir ein knapp ressurs. Men å tilby digital heimeoppfølging til pasientar som ikkje sjølv er digitale, er ikkje utan personvernutfordringar.
I sandkassa har Ahus sett på korleis dei kan sikre personvernet til pasientane i ei fullmaktsløysing for heimeoppfølginga.
Parallelt har Regjeringa gitt midlar til arbeid med å utvikle ei nasjonal, digital fullmaktsløysing, som skal gjere det muleg for ikkje-digitale innbyggjarar å la seg representere av andre i digitale tenester. Rapporten frå sandkasseprosjektet vil kunne være eit nyttig innspel i det arbeidet.
Les rapporten "Fullmakt til bedre personvern"
Lanseringswebinar
På eit webinar 28. mai presenterte vi hovedfunna, inkludert vurderingar knytta til rettsleg grunnlag, samtykke, tilgangsstyring og sporbarheit. Vi snakka mellom anna om fordelar og ulemper ved sentraliserte versus lokale fullmaktsløysingar, i tillegg til utfordringar for pasientar utan samtykkekompetanse.
Program
1400 - Velkomen
1405 - Problemstillinga
1415 - Hovedfunn
1430 - Vegen vidare
1445 - Avslutning